Cooperation
 

Cooperation

Search news archive

FROM OUR PARTNERS

 
Daily news from the Norwegian
offshore, oil & gas sector

 

 





 

 





 


Marine directory who contains
thousands of company profiles



Rolls-Royce med stor oppgraderingskontrakt

Rolls-Royce skal levere motorar og thrusterar til oppgradering av ein stor kranlekter for det amerikanske selskapet J. Ray McDermott. Kontrakta har ein verdi på over 110 millionar kroner.


Ordren inkluderer seks undervannsmonterbare thrusterar og fire motorar, og er del av ei stor oppgradering av tungløfts- og rørleggingsfartøyet Derrick Barge 50 som opererer i Mexicogolfen.
 
 
- Denne kontrakten viser at kundene har tillit til vår teknologi og service, seier Helge Gjerde, Senior VP Offshore. Rolls-Royce har omfattande erfaring innan offshore skipsdesign og utstyrssystem, og våre thrusterar og motorar er velprøvde i offshoremarknaden. Med vårt nye servicesenter i Galveston, Texas, har vi også styrka vår kundestøtte i området rundt Mexicogolfen.

 
Kvar av dei seks thrusterane gir ei skyvekraft på 44 tonn. DB50 kan løfte last på opptil 4400 tonn, og legge rør på opptil 50 cm i diameter på djupner ned til 2700 meter.


I mars 2009 opna Rolls-Royce eit nytt anlegg i Galveston i Texas. Det nye Rolls-Royce Marine servicesenteret i Galveston har ei golvflate på 3700 kvm, og tilbyr avanserte reparasjons- og overhalingsfasilitetar for heile selskapets portefølje av marineprodukt til kundar i området rundt Mexicogolfen. I løpet av 2009 opna Rolls-Royce seks nye servicesenter, i Europa, Nord- og Sør-Amerika og i Midt-Austen.
 











 

Free newsfeed. Oil and gas news

Maritime & Energy.com free Newsfeed